logo
Hovedmeny


Bjørnar Pettersen årets bymester i Bergen
Av Rune, 5. August 2012 20:00
Sist endret 2. September 2012 14:35
 
Vellukka bymesterskap i Bergen i helga.


Bergen bymesterskap vart som vanlig ei hyggeleg turnering. 32 spillere var med. Turneringa var som vanleg ein del av Bergen Spillfestival og starta ute under open himmel på Torvallmenningen. F.o.m. andre runde flytta me oss over i Logehaven like ved.

Etter 7-8 timers spilling på lørdagen, gjenstod 4 personer i turneringen, alle frå Bergen Backgammon Club. Bjørnar var ubeseira på vinnersida, mens Tor Sævig, Jim-Remy Nesdal og Rune F var med på 'tapersida'. Etter semifinalene søndag var det Jim-Remy som kvalifiserte seg til finale mot Bjørnar.

Finalen gikk til 15, men vart aldri nokon spennande kamp. Bjørnar hadde kontroll heile vegen og vann komfortabelt 15-4. Gratulerer til Bjørnar som ny bymester i Bergen.

Fredag var det mesterturnering på Aspendos. 15 spillere deltok og sigeren gikk til Rune Halvorsen frå Stavanger Backgammonklubb.

Nokre bilder frå turneringa:


Bilde frå Torgalmenningen

Halvor Losnedahl mot Yvonne H. Pasali


Hermod Kvalvik frå SBgK og Kristian Thulin frå BBgC



Semifinalist Tor Sævig mot Asbjørn Scultz



Det vart også spilt chouette. Både natt og dag...



Bilde frå finalen



Bymester i Bergen 2012, Bjørnar Pettersen.




nbgf.no - NORGES BACKGAMMONFORBUND